02.09. "Laffen" til Volda

I dag fekk vi beskjed om at Lars Andreas Dahlen Folkestad gir seg i Hareid etter 101 a-kampar og snart fire år i klubben. Grunnen er at "Laffen" har flytta til Ørsta, og finn det vanskeleg å pendle til Hareid for å trene fleire gonger i veka. Det forstår vi sjølvsagt, og vi ønskjer han lykke til vidare i Volda og velkomen tilbake ved eit seinare høve. Hareid har no dessverre mista seks sentrale spelarar sidan i sommar, men vi får krysse fingrane for ein skade- og karantenefri haust - der også unge ambisiøse spelarar får sleppe til. 
PS. Ørjan Engen Grimstad har no fått seg jobb i Trondheim og blir i utgangspunkt ikkje å sjå i Hareid-drakt meir i år. Vi ønskjer han lykke til i Trondheim. Posten skal fram!

02.09. G10 på Gursken-cup

Hareid G10 (f.2004) var søndag på Gursken Cup, og hadde ei flott turnering i flotte omgivelsar på River-Plate i Gursken. Arrangør hadde laga ei flott ramme rundt Gursken Cup, og veret var også som bestilt, med sol og fin temperatur. Vi var 6 gutar som var med denne gongen, Julian Varhaug, Noah Elvanes, Magnus Teige, Jena Thas, Nikolas Brandal og Christian Mork Breivik. Laget spelte tre kampar, mot Bergsøy 3, Volda og Gurskøy, og gjorde det svært godt. Diplom og premiar venta etter siste kamp. Flott Cup av Gursken. Heider til alle spelarane som sto på i alle kampane. Godt jobba !!

Med sportsleg helsing, Sindre Breivik, Trenar G10

02.09. 4.-divisjonstipset 2014 runde 15 av 22

Rollon og karismatiske Alexander von Løwensprung kjem til Hareid stadion torsdag. Meir om den kampen seinare.

Også sist runde fekk vi ein inn ein U på kupongen (Valder - Ørsta). Men etter fleire 4/6-rundar enda vi på berre tre rette i runde 14.

No er det klart for den store lokalderby-runden. Og då ventar vi fleire overraskingar.

02.09. Ny runde i 5.-divisjon med odds frå Nordicbet og våre tips

* Tysdag (i dag): MSIL - Sunnylven/Stranda II (utan odds) H
* Onsdag: Hovdebygda - Åmdal (1.55-6.00-2.70) U, Stordal - Ørskog (1.21-6.75-4.80) H, ÅVK - Hasundgot (1.15-7.50-5.50) H
* Torsdag: Ravn - Vigra (7.25-10.00-1.06) B, Sæbø - Vartdal (2.00-5.50-2.00) B

01.09. Lokalfotball måndag

* 3.-divisjon avdeling 8: TMFK - Hødd II 0-5, Eid - Aalesund II 2-4, Bergsøy - Sogndal II 1-2.

* 6.-divisjon Søre: MIL/GIL - Åheim 6-3, Tjørvåg - Haddal 3-2. Og då begynner Tjørvåg å få ei stor luke som det skal bli vanskeleg å ta hente inn - om nokon skulle få lyst til å prøve. Tabell.

31.08. Hareid-kampar veka som kjem

* Måndag: G11 femmar med bortekamp mot Hødd.
* Tysdag: Damelaget spelar bortekamp mot Bergsøy. G11 sjuar med bortekamp mot Langevåg. Gutelaget spelar heimekamp mot Larsnes/Gursken/Gjerdsvika på Hareid stadion klokka 18.30. Samtidig spelar G14 heimekamp på kunstgrasbana mot Ravn. 
* Onsdag: Hareid2/Hjørungavåg spelar 6.-divisjonskamp borte mot Volda2/Hovdebygda2. J11 med bortekamp mot Tjørvåg. G12 med bortekamp mot Hasundgot. J16 9-ar møter Blindheim på Hareidsmyrane stadion 18.30. 
* Torsdag: A-laget for menn har heimekamp mot Rollon 18.30. Samtidig har J16 sjuar heimekamp mot Sunnylven på Hareidsmyrane stadion. J14 9-ar har bortekamp mot Herd. Sjuarlaget Hjørungavåg2/Hareid3 møter FK Sykkylven på Jomsvoll. J13 har bortekamp mot Moltustranda.
* Fredag: G13 niar har bortekamp mot Aksla. 
* Søndag: J16 9-ar har bortekamp mot Aksla.
** LYKKE TIL!

30.08. To spelarar har fått nye klubbar

Steffen Uldbæk under ein treningskamp for a-laget i 2010.

* Christer Adrian Mork varsla at han la opp etter at han flytta til Volda for nokre veker sidan. Men no har "Brumle" meldt seg inn i Hovdebygda IL. Vi ønskjer a-lagstoppscoraren frå 2013 lykke til der!
* Steffen Uldbæk melder overgang til Haddal IL. "Uldo" spelte for a-laget i 2009 og 2010, og vart årets spelar den første sesongen. I fjor var han ei viktig brikke for Hareid 2, men denne sesongen har ikkje Uldbæk vore på bana. Uansett; lykke til vidare!

PS. Damelaget har signert tre nye spelarar som vi håper blir speleklare om nokre dagar. Meir om det seinare.

30.08. Lokalfotball: 5.-divisjon avgjort? Og Norborg-hjelp på veg?

Hovdebygda (her i svart mot Hareid i vinter) tapte mot Vartdal i dag. Dermed ser det ut som Stordal og Vigra rykkjer opp til 4.-divisjon.

29.08. Storsiger i J16 sjuar 1.-divisjon

Hessa- Hareid 0-7
Kampen starta jamnt, men Hareid tok gradvis over føringa. Komfortabel siger, og godt gjennomført kamp. Mål av Runa M Røyset (4), Lone B Gjerde (2), Monica Teige. Ref. RH

29.08. Lokalfotball: Rutinert trio skal trene Ørsta

For to veker sidan gav Svein Slinning seg som Ørsta-trenar. No er det klart at Kjell Einar Dagfinrud tek over som hovudtrenar ut året. Hjelpetrenarar blir Reidar Vågnes og Jon Olav Kriken. Begge har vore mykje i SFK-systemet som instruktørar. Vågnes har trena ei rekkje lag tidlegare, mellom anna Molde, Hønefoss, Hareid og Hødd. Meir i Møre-Nytt.

29.08. Sterk bortesiger til gutelaget

Coach Benny Slettebakk.

Hareid G16 vann 4-2 borte mot Ørsta i kveld. Håvard Øvrelid (3) og Gustav Bjørlykke ordna 4-0 i løpet av den første halvtimen, men i løpet av dei siste ti før pause scora Ørsta to gonger. I 2. omgang vart dei ingen mål. Dermed enda det 4-2 til Hareid mot det som vi trur blir eit (anna) topplag i 2.-divisjon i haust.

29.08. 4.-divisjon i kveld:

* Valder - Ørsta 1-1, noko Ørsta bør vere veldig nøgde med ifølgje Valder sin twitterprofil.

I 3.-divisjon vann Norborg 3-1 borte mot SIF. Bra tippa av oss.

29.08. Statistikkhjørnet: Alipoor-comeback

Statistikkhjørnet etter 1-0-tapet i Skodje torsdag.
* Kristian Larssen Hove og Erik Bratland Kolstø vart spelar nummer 10 og 11 som fekk sine Hareid-debutar på a-laget i år. Vi gratulerer med debutane!
* Hareid spelte sin andre kamp på rad utan å score.
* Dette var Hareids fjerde serietap i år. Tre av fire tap har vore eittmålstap.
* Hiwa Alipoor gjorde eit gledeleg a-comeback. Sist han spelte i serien var i siste runde i fjor.
* Hareid fekk sitt tredje raude kort på to kampar. Ganske spesielt, sidan Hareid ikkje fekk nokon raude kort mellom september 2012 og august 2014.
* Runar Stranden spelte sin 30. a-kamp. Han har spelt 26 av 28 kampar i år. Vagn Scheide Mork har flest med 27 av 28. 

29.08. Ny runde i 3.-div. med odds frå Nordicbet og våre tips

* I dag (fredag): SIF - Norborg (1.68-5.60-2.80) B
* Laurdag: LGFK - Arna-Bjørnar (2.35-5.50-1.90) U, Årdal - Spjelkavik (1.95-5.35-2.30) H, Stryn - Tertnes (1.65-5.35-2.95) H
* Måndag (førebels utan odds): Tornado Måløy FK - Hødd II B, Bergsøy - Sogndal II B, Eid - Aalesund II U.

28.08. 4.-divisjon i kveld elles:

* Stranda - Volda 1-5
* Rollon - FK Sykkylven 1-3
* Emblem - Langevåg 4-4
* Godøy - Blindheim 4-0

5.-divisjon tysdag til torsdag denne veka:
* Vigra - Åmdal 4-0
* Hasundgot - Sæbø 2-3
* Sunnylven/Stranda II - Stordal 0-1
* Ørskog - ÅVK 2-4
* MSIL - Ravn 6-1

28.08. Gjekk i Skodje-fella - igjen

Det vart ein tung kveld for Hareid-supporterane på Skodje. Men vi takkar dei for oppmøtet!

Som i fjor, berre i ein endå meir ekstrem variant, klarte ikkje Hareid å straffe Skodje sin defensive taktikk. Spesielt i 2. omgang la heimelaget alle mann på eigen halvdel. Hareid klarte rett nok å kome til nokre sjansar likevel, men Skodje vann 1-0 etter det vi får kalle ein taktisk triumf.

27.08. Tropp og avreise til Skodje-Hareid

Avreise på 16.30-ferja. Bilar: Hovden, Mork, Trovåg, Holstad + 1 til?
Dei som køyrer må møte opp i god tid. 
Tropp: 1. Vagn Scheide Mork. 12. Fredrik Lonbakken. 2. Alexander Nevstad. 3. Martin Nikolai Longva. 6. Erik Bratland Kolstø. 7. Ola Kalvø Vattøy. 8. Kristian Larssen Hove. 9. Hiwa Alipoor. 10. Ørjan Engen Grimstad. 13. Joar Møller. 17. Lars Andreas Dahlen Folkestad. 19. Kristian Myklebust. 20. Robin Jackson Indreflø. 21. Simon Holstad Grimstad. 22. Ivar André Aadland. 24. Runar Stranden. 

27.08. Her er dei to nye Hareid-spelarane

Kristian og Erik.

Begge er politistudentar og bur på Røyset:
* Kristian Larssen Hove. Fødd 1993. Tidlegare klubbar: Hulløy, Kjelsås.
* Erik Bratland Kolstø. Fødd 1990. Tidlegare klubbar: Hulløy, Re, Eik Tøsnberg, Ivrig.
Vi ønskjer begge karane velkomne til Hareid IL!

26.08. Knapt tap for J13 sjuar

Hareid spelte ein god kamp mot Vankam på Hareidsmyrane stadion tirsdags kveld, og spelte seg til eit tosifra antal store sjansar i begge omgangar. Men det skorta på effektiviteten, og når det også trillar litt for lett inn mål i andre enden, så vart det eit surt tap, 2-3. Kampens store spelar vart Vankam sin keeper denne kvelden. Spelemessig skal ein vere svært godt nøgd, så får ein heller øve på avslutnigar, og få større besluttsomheit i begge endar av bana. Hareid sine mål vart skora av Silje Bjåstad og Hanna H Grimstad. Med på Hareid denne kampen: Kristine Bigset, Amalie Koppen, Inga Dreveland, Hanna H Grimstad, Renate Wist, Shajeena Jeyntas, Silje Bjåstad, Frida Dyrvik, Hilde Bjåstad, Oda Dypvik. ref. Bård G.

26.08. Jenter 16 år i 1.-divisjon

I forrige veke tapte jentene to kampar i 9-ar-serien. 7-0 mot Sykkylven og 5-1 mot Herd etter mål av Martine Rafteseth.
Det var derfor veldig kjekt å vinne 5-4 over Stordal på heimebane tirsdag kveld i 7-ar-serien.
Stordal var laget som slo oss ut på Norway cup i 16-delsfinalen.
Mål av: Therese Holstad 3, Oda Håbakk Djupvik og Martine Leine Rafteseth.
Ref. AHH
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150151152153154155156157158159160161162163164165166167168169170171172173174175176177178179180181182183184185186187188189190191192193194195196197198199200201202203204205206207208209210211212213214215216217218219220221222223224225226227228229230231232233234235236237238239240241242243244245246247248249250251252253254255256257258259260261

Tabell

4.-divisjon

Neste a-kampar

Hareid - Rollon
Tors 4. sep
18.30

Grendacupen

28. og 29. des.
Hareidhallen

Hareid IL

Twitter

og på Instagram
(hareidil)

Kontakt redaksjonen

hareidsida@gmail.com

Vi satsar på

Generalsponsorar

Hovudsponsorar