18.10. OPP og ned i lokalfotballen laurdag
Vi gratulerer Vartdal med opprykk til 4.-divisjon.Vartdal var nære opprykk både i fjor og året før, så det var kjekt at dei endeleg klarte det.  Sist Hareid møtte Vartdal i serien var tilbake i år 2000 i 4.-divisjon. Hareid vann 3-0 borte og 5-1 heime. Hareid vann serien, medan Vartdal vart nummer ni. Sist Vartdal spelte i øvste krinsserien var i 1996, då dei rykte ned frå 3.-divisjon. * Vigra, som vart krinsmeistrar i 5.-divisjon i år, var sist oppe i øvste krinsserien i 2002. Dei enda nest sist i 3.-divisjon.  Ned frå 5.-divisjon går definitivt Ravn, Ørskog, Hasundgot og Sunnylven/Stranda 2, og kanskje Sæbø - avhengig av om Bergsøy går ned frå 3.-divisjon eller ei. * Etter dagens resultat i 3.-divisjon kan framleis lag 8 i 5.-divisjon og lag 9 i 4.-divisjon gå ned. Bergsøy tapte nemleg 4-3 borte mot Tornado Måløy og kan framleis rykkje ned.  Eitt poeng i siste runde mot LGFK er det Bergsøy treng for å stå i 3.-divisjon. Hareid treng også berre eitt poeng mot Valder i siste runde i 4.-divisjon for å vere 100 % sikre på ny kontrakt. * Men skal Hareid rykkje ned må også Langevåg slå Blindheim med mange mål - og Rollon må slå Ørsta i Larsgården. * Vi må også ta med at det no er definitivt at Norborg rykkjer ned frå 3.-divisjon. Og at Herd framleis har ein liten sjanse til å stå i 2.-divisjon. * PS. Mange håper kanskje på ei rein M&R-avdeling i 3.-divisjon i 2015, som det var i tidsrommet 2011-2013. Men det ser rett og slett ikkje ut til å bli mange nok lag til å klare det neste år. For slik stoda er no rykkjer heile fem lag frå Møre og Romsdal ned frå 3.-divisjon, tre frå avdeling 9 (AK, Sunndal, Træff 2) og to frå avdeling 8 (TMFK. Norborg, LGFK). Og det kan bli fleire også. Men ser vi på tabellane éin runde før slutt er desse laga frå Møre og Romsdal kvalifiserte for 3.-divisjon 2015. Sunnmøre: Herd, Brattvåg, Hødd 2, Spjelkavik, SIF, Bergsøy, Volda. Nordmøre og Romsdal: Kristiansund BK 2, Kristiansund FK. Herd kan bli skifta ut med Molde 2. Bergsøy kan bli erstatta av TMFK (i beste fall kan begge desse laga stå og Arna-Bjørnar eller Årdal gå ned). Og Nardo 2 kan gå ned frå avdeling 9 på bekostning av AK eller Sunndal.  Men uansett korleis vi vrir og vender på det. Frå 14 M&R-lag i 3.-div. i 2011, 2012 og 2013 blir det mange fleire i 2015, kanskje berre åtte. 
18.10.14 22:53

LEIGE LOKALE?

ARRANGEMENT
2014

Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

GENERALSPONSORAR