19.05. Simon og Håvard på krinslaget
Hareids Simon Grimstad (biletet) og Håvard Øvrelid er uttekne på krinslaget. Vi gratulerer. Les meir her.
17.05. Hareid IL godt representerte i 17. mai-toget
17. mai-toget på Hareid var av det lange slaget i dag, og spesielt bak Hareid IL-fana gjekk det mange medlemmer. Som seg hør og bør når a-laget i fotball ligg på 2.-plass på tabellen var ein god del av spelarane med i toget. Det gjorde også både yngre og eldre idrettslagsmedlemmer.
Gratulerer med nasjonaldagen til alle våre følgjarar!
16.05. Statistikkhjørnet: Første hattrick på 30 kampar
16.05. 4.-divisjon i dag
* Blindheim - Emblem 1-3
* Valder - Rollon 2-3
* Stordal - Skodje 1-1
* MSIL - Norborg 2-2
Tabellen er ikkje oppdatert enno, men Rollon ligg på topp framfor Hareid og Norborg. ÅVK og Stordal står framleis utan sigrar etter fem rundar. Merk at Stordal har spelt fire uavgjorte kampar.
Elles gratulerer vi LGFK med årets første seriesiger då dei vann 2-1 heime mot Volda i dag.
15.05. 4.-divisjon: Ørsta slo Godøy
Ørsta er oppe på 4.-plass med dagens 4-1-siger mot Godøy, som du kan lese meir om her.
Rundens fire siste kampar går i morgon.
15.05. ÅVK - Hareid 2-6: Godt gjennomført kamp av Hareid
Ein nøgd Hareid-trenar Hans Gisle Holstad saman med tremålsscorar Georg Eikrem Olsen (til høgre) og Ola Kalvø Vattøy, som scora etter å ha spelt eitt minutt fotball i 2013. |
Det var neppe årsbeste spelemessig av Hareid. Men på eit blytungt underlag var det uansett sterkt å score seks gonger. ÅVK kom sjeldan til offensivt, så alt i alt var dette ein godt gjennomført kamp. Georg Eikrem Olsen (3), Christer Adrian Mork, Ola Kalvø Vattøy og Kim-Tore Husøy scora Hareid sine mål.
15.05. ÅVK - Hareid LIVE
Vi prøver å få til liveoppdateringar på Hareid IL sin facebookprofil.
14.05. ÅVK - Hareid onsdag
Ole Per Kragset mot Joar Møller på Eidsåvoll sommaren 2010. |
Hareid og Åram/Van.kam. har møtt kvarandre ei heil rekkje gonger dei siste åra, men ikkje i offisielle kampar. Sist møte i serien mellom laga var heilt tilbake i 2001, i gamle 3.-divisjon. Onsdag møtest laga på Eidsåvoll til 4.-divisjonskamp.
13.05. Sterk siger til juniorlaget
13.05. 4.-divisjonstipset runde 5
12.05. A-laget komande veke
* Måndag: Trening 19.30 (juniorkamp for nokre)
* Tysdag: Dugnad 17.30. Ta med kost eller spade.
* Onsdag: Bortekamp mot ÅVK. Tropp og reiseinfo etter måndagstreninga (avreise blir nok 16.30 frå Hareid)
* Torsdag: Eigentrening. HGH kjem med meir info.
* Laurdag: Trening 11.00.
12.05. Hareidsdølar i Adeccoligaen
Christian Mork (her som Hareid-spelar i 2008) spelte heile Follo-kampen i dag. |
* Christian Mork starta sin første seriekamp for Follo då laget gjesta HamKam i dag. Mork takka for tilliten ved å slå den målgjevande pasninga før Follo sitt mål. Dessverre var det lagets einaste mål denne kvelden. HamKam vann 3-1, og Follo ligg heilt sist i divisjonen med null poeng etter fem rundar. Uansett positivt at den tidlegare Hareid- og Hødd-spelaren Mork markerer seg.
* Fredrik Aursnes starta då Hødd tapte 1-0 borte mot Bodø/Glimt i dag. Ein liten nedtur for Hødd etter fire strake sigrar. Aursnes har starta alle seriekampane til Hødd i år. Også Ruben-Kenneth Brandal har vore fast på laget den siste tida, men han stod over dagens kamp grunna sjukdom.
12.05. Juniorlaget med tøff motstand måndag
Hareid junior spelar heimekamp mot Volda måndag 18.30. I fjor tok voldingane medalje i 1.-divisjon. Årets 2.-divisjonssesong har dei starta med seks poeng av seks moglege, så det er heilt klart eit godt lag som kjem på besøk i morgon. Hareid har også fått ei grei opning på sesongen. Dei to første kampane vart vunne høvesvis 6-0 og 8-1. Sist veke vart det derimot 6-2-tap borte mot Hovdebygda/Sæbø. Tabell og termin.
10.05. Statistikkhjørnet: Husøy i målform
10.05. Endeleg kom HIL 2-sigeren
1 |